Resultat av votering

24/818 - Overtredingsgebyr for anleggsveg i strandsona - Oshaugen - gnr. 7, bnr. 432

Votering er ferdig i denne saka.

11:16 Spørsmål om gildskap

Bjørn Gunnar Tafjord stiller spørsmål om gildskap då vegen til anleggsområdet går delvis over Tafjord sin nausteigedom og at han er ven med tiltakshavar.

Tilråding: Tafjord er ugild jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd, jamfør rettsdata sin lovkommentar til forvaltningslova § 6 første ledd bokstav a.

Vedteke

FOR

7
Bård Emil Ødegård Senterpartiet Gunn-Lise Voldsund Senterpartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høyre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Fremskrittspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0

11:34 Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval viser til tidlegare delegert vedtak nr. 34/23, datert 03.03.2023 og nytt delegert vedtak nr. 194/23, datert 12.10.2023 der det vart gjeve pålegg om fjerning av ulovleg etablert anleggsveg i strandsona og fjerning av tilførte stein- og jordmasser. Utvalet viser også til førevarslinga om overtredingsgebyr i brev datert 05.12.2023.

Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 32-8, 1. ledd bokstav a, jf. SAK 10 § 16-1 bokstav c nr. 2, vert det gjeve overtredingsgebyr for etablering av anleggsveg og tilføring av stein- og jordmasser i strid med strandsonevernet i PBL § 1-8, regulert friområde og søknadsplikta i PBL § 20-1 som følgjer:

kr 10 000 til tiltakshavar Øyvin Sønnesyn, eigar av gnr. 7, bnr. 432

kr 50 000 til foretaket Fido AS, org. nr. 922 090 114

Teknisk utval grunngjev overtredingsgebyra med at utvalet ser svært alvorleg på tiltaket som har brote med fleire sentrale føresegner i plan- og bygningslovgjevinga. Både tiltakshavar og entreprenør burde ha forstått at det utførte arbeidet var søknadspliktig, og i alle høve innehenta nærare informasjon frå kommunen før igangsetting. Det framstår som skjerpande at dette er arbeid i strandsona der ein skal utøve særskilt varsemd, jf. PBL § 1-8. Teknisk utval meiner difor at handlingane overtredingebyra gjeld har vore aktlause.

Vedteke

FOR

7
Bård Emil Ødegård Senterpartiet Gunn-Lise Voldsund Senterpartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høyre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Fremskrittspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0